Kneist

Kneist på facebook


Kneist i hingstekatalogen


Kneist i stamboka

FORSIDEN OM KNEIST SLEPP STAMTAVLE PÅMELDING ELDRE BILDER NYERE BILDER RESULTAT

Utstillings- og bruksresultat

Kneist har vore på unghestskue som åring og toåring, og på hingstutstilling 3 gonger. Første gong på utstilling då han var 3 år, i 1995, då fekk han 3. premie og blei stilt som nr 3 i kvalitet. Då han var 5 år var han inne til utvida bruksprøver, og oppnådde middels resultat som gav fornya 3. premie. Åtte år gamal, i år 2000, var han inne som ”eldre” hingst, og gjorde det godt med fem åttarar og 40 eksteriørpoeng. Han hadde imidlertid ikkje nok avkom den gongen til å avansere til andrepremie – han var allereie då  mest brukt i sport. Dermed vart det atter ein gong fornya tredje premie på han.

Kneist er blitt 18 år, og er meld inn til hingstutstillinga på Nordfjordeid i 6. – 8. mai. Då vil han møte på hingstutstilling for fjerde gong, og det blir sannsynlegvis den siste. Det hadde vore moro om han kunne avansere til andre premie i godt vaksen alder, etter så mange år som aktiv sportshest. Men ingenting er gitt på førehand, og det er ei interessant og sterk eldste klasse i år, så det blir spennande…

I åra som har gått sidan då har han vore ein god og allsidig brukshest. Han har vore mykje ute i sport både i køyring og riding, og har etter kvart blitt ein hest som har gjort det svært bra med fleire ulike rytterar. Dei største bragdene er det Cassandre Bach-Gansmo som har halt i land, der ho har oppnådd blant anna dette:

2007:
Fjordhest-NM: Lag gull + sølv NM senior samanlagt + greinmeister i dressur

 
       
       


Nordisk: 7. pl nordisk dressur, 2. pl nordisk sprang

         

2008:
Fjordhest-NM: Lag gull + greinmeisterskap dressur, 3.plass

MB 4 dressur: 54%


2009:
Fjordhest-NM: Lag sølv + bronse NM senior samanlagt

Nordisk: 5. pl dressur B-finale + 2. pl B-finale sprang

EM: sølv sprang (Lag: 3.pl. dressur, 2.pl. sprang)


ANNE-KARIN LØKEN - 6770 NORDFJORDEID
siden er laget av www.snodig.net